Les Ingrid Nerås Krogsæter, organisatorisk nestleiar i Senterungdomen, sitt innlegg i programdebatten på landsmøtet til Senterpartiet.

Kjære Landsmøte

I innleiingskapittelet i programforslaget står det følgjande: «Norge har eit særleg ansvar for å gå foran i arbeidet med klimaomstilling, ligge i tet internasjonalt. Omlegging i berekraftig retning gir store muligheter for utvikling av ny norsk industri, teknologiutvikling og kompetanse».

Norge har forplikta seg til eit klimanøytralt samfunn innan år 2050-2100 gjennom Paris-avtalen. Vi kan ikkje lenger utsette å investere i meir miljøvennlege tiltak skal vi greie dette – og nettopp gå foran i arbeidet med klimaomstilling. Difor meiner Senterungdomen at det er på tide å satse; satse på jernbane og elektrifisering. Få meir godstrafikk over på bane og sjø. Og Ola, tida er komen for å satse på det grøne gullet framfor det svarte.

Landsmøte, å opne opp for nye olje- og gassfelt er ikkje i tråd med vår visjon for framtida. Vi må starte å velje grønt framfor svart – fornybare ressursar framfor olje og gass.

Graset er grønare på Senterungdomen si side – set ein stoppar for det svarte nasjonalt og vidare globalt, og ver med å sikre grøn verdiskaping og ei grøn framtid!

Stem i mot innstillinga og støtt Senterungdomen sitt forslag 142 om at det ikkje skal opnast for nye felt for olje- og gassutvinning.

Klima. Folk flyktar frå heimlandet sitt på grunn av det. Naturressursar og mangel på dei er grunnlag for konflikt og krig i verda, og folk vert tvungen eller vel å forlate bygd og by for å sikre ei framtid for seg sjølv og sine. Nokon av desse menneska kjem til Noreg – eit land som i likskap med andre må ta stilling til globale spørsmål kvar dag. Senterpartiet er oppteken av ein human, men rettferdig innvandringspolitikk. Senterpartiet er oppteken av tillit og likeverd.

«Fred mellom folk og nasjonar bygger på gjensidig respekt og toleranse» har programkomiteen skrive i innleiinga til programforslaget.

Innvandring krever integrering. Integrering føreset inkludering. Inkludering er tufta på tillit. Respekt. Kunnskap. I Noreg vernar vi høgt om demokratiet – om kvar einskild mennesket sin rett i samfunnet, uavhengig av kjønn, etnisitet, legning, religion, klesdrakt. Det er kome eit kompromissforslag på punkt om heildekkande hodeplagg. Senterungdomen ønskjer å ta bort heile punktet. I møte med det som er framand og ukjend kan dette opplevast krevjande og det kan koste å ta stilling til det. Men mot slutten av dagen vil det likevel handle om ein ting – menneske.

Gode landsmøte – la oss legge verdiane våre til grunn i krevjande saker. La tillit og toleranse vege tyngst. La kunnskap, opplysing og dialog liggje til grunn. Senterungdomen stiller spørsmål ved kven som vert vinnarar ved at storsamfunnet skal gå inn ovanfor ei lita gruppe i samfunnet og regulere gjennom eit regelverk kva dei kan gå med eller ei. Senterungdomen meiner at dette ikkje høyrer heime i Senterparitet sitt program. Å programfeste eit slikt punkt trur vi vil skade meir enn det fiksar, og vi råder difor landsmøtet til å støtte dissensen frå Kjersti Toppe om å stryke punkt 475. Dette punktet er i lag med kompromissforslaget styring av enkeltmennesket, det går i mot enkeltmennesket sin rett og det går i mot våre demokratiske verdiar. Det hindrar integrering, og inkludering vert svært vanskeleg. La oss stryke punktet.

Takk.

Share This