Møre og Romsdal Senterungdom

Landsmøtet 2016

Landsmøtet 2016

Foto: Halvard Bøe

Kontaktinformasjon

Leiar av Møre og Romsdal Senterungdom
Sondre Ormset

+47 936 95 513
so@sp.no

 

Lokallag

Surnadal Senterungdom
Marit Henriette Mo Sandberg
+47 482 28 384
henriette.m.s@hotmail.com

Averøy Senterungdom
Oda Iversen Aspen Sjøasæther
+47 938 65 050
odasjoa@hotmail.com

Hustadvika Senterungdom
Kristoffer Strand
+47 920 20 928

Kristiansund Senterungdom
Andrine Gamborg Frey
+47 402 94 476

 

Senterungdomen i Møre og Romsdal er eit fylkeslag i vekst og vil ha med enno fleire på laget. Møre og Romsdal treng senterpartipolitikk og vi i Senterungdomen er ein aktiv bidragsytar for å få ut den gode og grøne politikken vår til ungdomane som skal drive fylket vårt vidare inn i framtida.

Vi i fylkeslaget er opptekne av å ha god kontakt med så mange av medlemmane våre som mogleg, og vi tykkjer det er utruleg triveleg dersom du vert med på nokre av arrangementa vi har. Gjennom eit år er me mellom anna på skulebesøk, bedriftsbesøk og arrangerer faglege og sosiale hendingar. I tillegg er vi med på alle sentrale arrangement. Det er ikkje farleg å vere med, det er berre artig!

I Møre og Romsdal Senterungdom har vi to lokallag og eit fylkeslag som styrer organisasjonen i fylket. Fylkesstyret for 2014-2015 er: Sondre Ormset, Ingrid Waagen, Lise Marie Ness Klungland, Oda Iversen Aspen Sjøasæther, Bendik Myrseth og Markus Farstad Andersen.

I tillegg til fylkesstyret har vi to aktive lokallag, Surnadal Senterungdom og Averøya Senterungdom. Lokallagsleiarar i desse er Marit Henriette Mo Sandberg og Oda Iversen Aspen Sjøasæther. I løpet av arbeidsåret vil det verte arbeidd for å opprette fleire lokallag. Er du interessert i å vere med i eit lokallag er det berre å ta kontakt med oss i fylkesstyret.

Du er hjarteleg velkomen i Møre og Romsdal Senterungdom. Me ynskjer vekst og me ynskjer fleire dyktige medlemmar. KOm og bli med i Møre og Romsdal sin råaste ungdomsorganisasjon.

Nyheter fra Møre og Romsdal:

Desentralist søker redaksjonsmedlemmer

Er du glad i å skrive, eller kanskje i å drive med grafisk arbeid? Har du lyst til å sette fokus på saker du synes er viktige og til å spre informasjon om det som skjer i organisasjonen til medlemmene våre? Da vil vi at du skal søke om å bli med i redaksjonen for...
Share This