Sogn og Fjordane Senterungdom

Landsmøtet 2016

Landsmøtet 2016

Foto: Halvard Bøe

Kontaktinformasjon

Leiar av Sogn og Fjordane Senterungdom
Emma Berge Ness

+47 95902183
emma-ness@hotmail.com

 

Sogn og Fjordane Senterungdom er eit stort ungdomslag med høge ambisjonar. Vi er godt representert i lokallag, kommunestyre og fylkesting. Vi er opptatt av saker som breibandsutbygging, skulestruktur, kultur og aktivitetar for ungdom der dei bur. Vi har 9 lokallag, Bremanger, Eid, Gloppen, Indre Sunnfjord, Lærdal, Luster, Midtre Sogn, Mo Senterstud og Årdal Senterungdom. Vi håpar at også du ser verdien av å ha eitt sterkt senterungdomslag i fylket.

Du er velkomen til å komme på arrangement i regi av Sogn og Fjordane Senterungdom. Informasjon om våre arrangementblir lagt ut på facebook sida vår, så følg med der. Vi har fleire lokallag rundt i fylket, ta gjerne kontakt om det er noko du lurer på.

Nyheter fra Sogn og Fjordane:

TISA OG TTIP-MOTSTAND

TTIP-avtala har som mål å leggje til rette for auka handel mellom USA og EU. Det mest sentrale i denne avtala er å harmonisere reguleringa innanfor ei rekkje marknadar mellom USA og EU. På godt norsk betyr dette at ein lagar like reglar i USA og EU. Norge er ikkje med...

NEI TIL FRÅVÆRS-GRENSE

Regjeringa har vedteke at det frå og med skuleåret 2016/17 skal vere ei nasjonal fråværsgrense på maksimalt 10%. Om grensa overskridast i eit fag, vil ein ikkje få standpunktkarakter i dette faget. Ei slik grense tek utgangspunkt i at alt udokumentert fråvær er skulk....

Ikkje legg ned tannklinikkar

Sogn og Fjordane har 28 offentlege tannklinikkar. Tannhelsetenesta held høg kvalitet og har god nærleik til innbyggjarane. Clara Øberg, konstituert fylkesdirektør for tannhelsetenesta, tek til orde for å leggja ned 13 tannklinikkar innan 2020. Senterungdomen meiner...
Share This