– Eg gler meg til nye utfordringar og få vere med å påverke organisasjonen på fleire områder, særleg no i et valår når Senterpartiet igjen skal i regjering, seier Karen Følgesvold.

Måndag 3. april tilsette sentralstyret i Senterungdomen ny generalsekretær. Karen Følgesvold er frå Sandnes i Rogaland, og har sidan juni 2016 vore tilsett som organisasjonsekretær i Senterungdomen. Frå sumaren av tiltrer ho stillinga som generalsekretær.

Avtroppande generalsekretær, Sara Hamre Sekkingstad, gler seg til å følgje utviklinga av organisasjonen med Karen i leiinga. – Eg ønskjer Karen lykke til i det som er verdas beste jobb, seier Sara.

Karen har ei bachelorgrad i historie og engelsk ved Universitetet i Stavanger. Ho har brei organisasjonserfaring lokalt og regionalt i både 4H og Senterungdomen, og var i tillegg ungdomskandidaten til Sandnes Senterparti ved kommune og fylkestingsvalet i 2015, og deltok aktivt i valkampen der.

– Det er god stemning i Senterbevegelsen om dagen. Senterungdommen bidrar med auka medlemstal, høg aktivitet og mykje god politikk. Eg tar spent og audmjuk fatt på nye oppgåver for organisasjonen, og gler meg til fortsetjinga i lag med Senterungdomen!, seier Karen Følgesvold.

Share This