Framtidas Noreg treng lærarar som er i stand til å undervise i og på begge dei norske skriftspråka, og det er lærar- og lektorutdanninga sitt ansvar å gje framtidas lærarar desse dugleikane. Difor meiner  Senterungdomen at sidemålsdidaktikk og opplæring i sidemål må få større plass i lærar- og lektorutdanninga. Det vil gje komande lærarar kunnskapen og dugleiken dei treng for å gje elevar undervisninga dei har krav på, og med det også betre bokmålselevar sine haldningar til sidemålet sitt. Slik løyser vi opp den vonde sirkelen i sidemålsundervisninga.

Senterungdomen vil:

  • styrkje delen om sidemål og sidemålsdidaktikk i lærar- og lektorutdanninga
  • styrkje kompetansen i nynorsk og bokmål i lærar- og lektorutdanninga, slik at ferdigutdanna lærarar er i stand til å undervise på begge målformer, også i andre fag enn norsk
  • at lærarstudentar sin kompetanse i både nynorsk og bokmål skal kome fram på vitnemålet etter enda utdanning
  • auke toleransen og forståinga mellom komande generasjonar av nynorsk- og bokmålsbrukarar, gjennom å setje det på dagsorden i lærarutdanninga

 

Vedtatt av landstyret april 2016

Share This