Kjenner du eit lokallag eller fylkeslag som bør få tildelt Senterungdomen sin informasjonspris? Kjenner du eit lokallag, fylkeslag eller kanskje ein enkeltperson som har stått ekstra på for Senterungdomen i år, og som fortener Senterungdomen sin stå-på-pris?

På Senterungdomen sitt landsmøte 4.-6. november deles Senterungdomen sine prisar ut. No har du moglegheit til å nominere dei du meiner fortener denne prisen mest.

Nominasjonar sendast til generalsekretær, Sara Hamre Sekkingstad, på e-post shs@sp.no innan 28. oktober 2016. Sjå statuttane for meir informasjon og kriterier.

 

Statuttar:
Senterungdomen sin informasjonspris
Senterungdomen sin stå-på-pris

Share This