Har du lyst til å jobba for det beste ungdomspartiet i Noreg? Me i Senterungdomen søkjer ny organisasjonssekretær, og i det høve treng med ein som vil arbeida med engasjert ungdom i heile landet.
Kunne du tenkja deg å verta den nye organisasjonssekretæren i Senterungdomen?
Senterungdomen leitar etter vår nye organisasjonssekretær. Me ser etter deg som er strukturert, serviceinnstilt og gira til å bidra med eit organisatorisk løft. Me ser for oss at du er god på samarbeid, jobba opp mot å realisera politiske og organisatoriske idear. Samt at du er omgjengeleg og trivast i eit triveleg og hektisk miljø.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna bestå av å taka seg av den daglege oppfylginga av medlemane i Senterungdomen. Du vil ha ansvaret for medlemssystemet, vera med å planleggja og gjennomføra nasjonale arrangement, samt hjelpa til i den daglege kontordrifta.
Stillinga er allsidig og du vil utgjera ein viktig del i å byggja organisasjonen. Du vil jobba saman med eit aktivt politisk miljø, og vil inngå i eit lag saman med resten av kontoret der hovudoppgåva er å byggje Senterungdomen vidare for framtida. Stillinga krev at du kan jobba godt sjølvstendig og vera strukturert og kreativ i utføringa av arbeidet. Men du må ogso vera god til å jobba på lag med andre, og lika samarbeidsprosjekt.
Ein vil mellom anna jobba med:
- Medlemssystemet i Senterungdomen
- Vera servicepersonen til personen ut mot fylkes- og lokallaga.
- Jobba med organisatoriske og politiske oppgåver saman med resten av kontoret i Senterungdomen, landsstyret og sentralstyret.
- Planleggja og gjennomføra nasjonale arrangement.
- Vitja lokal- og fylkeslag rundt om i heile landet.
- Hjelpa til med valkamp.
Me søkjer etter ein person med fylgjande eigenskapar:
- Deler grunnverdiane til Senterungdomen og har eit sterkt samfunnsengasjement.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Serviceinnstilt og glad i å hjelpa
- Strukturert, målretta og sjølvstendig
- Har ein god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Initiativrik og kreativ i korleis ein jobbar organisatorisk
- Har erfaring frå tidlegare politisk- og/eller organisatorisk arbeid (ynskeleg men ikkje naudsynt).
Personleg eigenheit vert vektlagd.
Den faste arbeidsstaden vil vera ved hovudkontoret til Senterungdomen/Senterpartiet sentralt i Oslo. Her vil ein sitja saman med Senterungdomen i eit godt kontorlandskap. Det vert ogso moglegheiter for å reisa å vitja ulike delar av organisasjonen.
Stillingi er ei 100 % fast stilling med oppstart våren 2023. Løn vert sette etter avtale.
Viss du har spørsmål knyta til stillinga kan du taka kontakt med leiar for Senterungdomen Andrine Hanssen-Seppola på tlf. 413 38 683 / ahs@sp.no eller generalsekretær i Senterungdomen Henrik Hageland tlf 412 63 925 / heh@sp.no.
Søknad vert send til stilling@sp.no
Søknadsfrist 20. mars 2023