Møre og Romsdal Senterungdom er eit fylkeslag i Senterungdommen, og har høg aktivitet gjennom året. Vi ser etter ein fleksibel og løysingsorientert person som kan vere tilsett for Møre og Romsdal Senterungdom i 20-30% stilling.
Arbeidsoppgåver bestemmast etter avtale, men typiske gjeremål for ein ungdomssekretær vil vere:
- Førebuingar og etterarbeid i samband med fylkesstyret sine møte.
- Organisering av fylkeslaget sine arrangement.
- Organisering av reise til sentrale arrangement.
- Utfylling og innsending av diverse søknadar og rapportar, herunder tilskot og momskompensasjon.
- Oppdatering og innhaldproduksjon til sosiale media.
- Rekneskap og budsjett, inkludert godkjenning av rekningar.
- Oppfølging og bistand til lokallaga.
Vi ser etter deg som er initiativrik og sjølvstendig, samstundes som du trivst med å vere ein del av eit lag. Ungdomssekretæren skal framstå som påliteleg og imøtekommande i den daglege kontakta med våre medlemer. Erfaring frå tillitsverv eller anna organisasjonsarbeid er ein fordel.
Anna:
- Søkaren må dele Senterungdommen sine grunnverdiar.
- Kvelds- og helgearbeid, i tillegg til reiseverksemd må påreknast.
- Førarkort kl. B på manuellgir er ein fordel, då fylkeslaget disponerer eigen bil.
- Søkar bør ha kjennskap nynorsk.
- Oppstart for stillinga er 1. januar. Ungdomssekretær tilsetjast i prosjektstilling på 6 månadar, med moglegheit for forlenging.
- Heimekontor etter avtale.
- Moglegheiter for fleksibel arbeidstid og arbeidsstad.
- Løn etter avtale.
Søknadsfrist: 10. desember
Søknad og CV sendast til: dordiblerum@gmail.com
Spørsmål kan rettast til: Fylkesleiar Dordi Boksasp Lerum – telefon: 95992700