Er du glad i det organisatoriske arbeidet, ekspert på verving eller kreativ? Kanskje du har lyst til å vere med å planleggje arrangement som Vårslepp og sumarleir? Eller har du eit brennande hjarte for organisasjonen og har lyst til å vere med å utvikle Senteurngdomenvidare? Då burde du søkje organisatorisk utval (OU)!
Det komande arbeidsåret er det valkamp, og vi skal som vanleg arrangere både Vårslepp og sumarleir. Arbeidet kjem til å vere variert og innhaldsrikt, by på nye utfordringar og er ein gyllen moglegheit til å få seg god erfaring.
Vi ønskjer å ha folk med ulike erfaringar med på laget! Anten du er ny i Senterungdomen og har gode, nye idear, eller om du er godt erfaren i Senterungdomen. Eg gler meg til arbeidsåret, og vil veldig gjerne ha deg med på laget!
I søknaden kan du skrive litt om deg sjølv, gjerne om du har nokre tidlegare erfaringar, kva du kan bidra med og kvifor akkurat du har lyst til å sitje i OU.
Søknaden skal sendast på mail til marianne1ros@gmail.com innan 1. desember.
Dersom du er i tvil om du skal søkje eller har andre spørsmål, ta gjerne kontakt med meg på mail, Facebook eller telefon 95827052 for ein triveleg prat!
Eg håpar å sjå deg blant søkjarane!
Beste helsing Marianne Rossevatn