–Vi opplev at dette laget representerer breidden i organisasjonen, og er trygge på at dei vil styrke grasrota, og løfte Senterungdomens politikk i ei spanande tid for organisasjonen, seier Lerhol.
Både fylkeslag og enkeltmedlemmar har kome med innspel i prosessen med å få på plass eit nytt sentralstyre, samt at valkomiteen sjølv har vore aktive med å finne folk til å fylle posisjonane.
Torleik Svelle er innstilt til sitt tredje år som leiar
– Eg er enormt audmjuk over å bli innstilt og det saman med så mange flinke folk! Eg ser fram til eit nytt år som leiar for ein fantastisk organisasjon dersom landsmøte gjev meg tilliten. Vi har sett korleis innsatsen vår gjennom valet har gjeve Senterpartiet ein posisjon i regjering. No skal vi følgje opp så Senterungdommens politikk blir sett ut i live! Eg gler meg til å jobbe vidare for ein rå organisasjon som bognar av god politikk for heile Noreg og særs flinke folk, sier Torleik Svelle.
Andrine Seppola (18) frå Tromsø er innstilt som ny politisk nestleiar. Ho har vore vara til sentralstyret det siste året, og går no sitt siste år på vidaregåande.
– Det er en stor ære å bli innstilt som politisk nestleder i Senterungdommen, og jeg er utrolig ydmyk og takknemlig for tilliten fra valgkomiteen. Hvis jeg får landsmøtets tillit, gleder jeg meg til å ta fatt på arbeidet med å videreutvikle vår politikk og jobbe for gjennomslag for Senterungdommen i regjeringa. Sammen skal vi sørge for at Norge når klimamålene, et løft for psykisk helse og at man kan leve gode liv - i byen og på bygda, sier Andrine Hanssen-Seppola.
Som organisatorisk nestleiar har valkomiteen innstilt på Dorthea Elverum (25) frå Stjørdal i Trøndelag. Ho vart vald som organisatorisk nestleiar i 2019, og vart vald inn i sentralstyret i 2018.
–Jeg er veldig glad for å bli innstilt som Senterungdommens organisatoriske nestleder. Vi har lagt bak oss et år der mye har blitt endret med tanke på å treffes. Det kommende arbeidsåret skal vi endelig begynne å treffes på skoleringer, sommerleir og møter. Gleder meg til å jobbe videre med alle supre folka på senterungdomslaget, sier Dorthea Elverum.
Landsmøtet til Senterungdommen og valet av sentralstyret er 19.-21.11 på Gardermoen.
For spørsmål rundt valkomiteens arbeid og innstillinga kan Synne Lerhol nås på +4748093590 eller slerhol@oslobystyre.no
Innstilt leder Torleik Svelle kan nås på +4746675564 eller tos@sp.no
Innstillinga i si heilheit ser slik ut:
Leiar | Torleik Svelle (25) | Oppland |
Politisk nestleiar | Andrine Hanssen-Seppola(18) | Troms |
Organisatorisk nestleiar | Dorthea Elverum (25) | Trøndelag |
Internasjonal leiar | Ibrahim Ali (23) | Oslo |
1. styremedlem | Henrik Hageland (22) | Rogaland |
2. styremedlem | Skjalg Hamnes (28) | Nordland |
3. styremedlem | Anne Martine Brox-Antonsen (20) | Troms |
4. styremedlem | Dordi Boksasp Lerum (18) |
Møre og Romsdal |
5. styremeldem | Mailinn Stoveland (20) | Agder |
1.vara | Nils Forren (21) | Trøndelag |
2. vara | Torstein Buskaker (26) | Hordaland |
3. vara | Tina Evelyn Buvarp (20) | Trøndelag |
4. vara | Halvard Brundtland (20) | Vestfold |
5. vara | Maksim Guttormsen (22) | Finnmark |