Stillinga er allsidig og du vil utgjere ein viktig del i å bygge organisasjonen. Du vil også få høve til å bli godt kjend i heile fylket. Stillinga omfattar arbeid for både Sogn og Fjordane Senterparti og Hordaland Senterparti samt fylkestingsgruppa i Vestland Senterparti. Du vil bli ein del av eit aktivt politisk miljø der du får delta i samfunnsutviklinga i Vestland. Du vil inngå i eit lag saman med fylkessekretærane der hovudoppgåva er å byggje Senterpartiet vidare for framtida.
Arbeidsoppgåver:
- Sekretær for fylkestingsgruppa i Vestland Senterparti
- Sekretær for Senterungdommen i begge fylkesdelslag (Sogn og Fjordane og Hordaland)
- Sekretær for Senterkvinnene i begge fylkesdelslag (Sogn og Fjordane og Hordaland)
- Bidra i planlegging og gjennomføring av møter, kurs og samlingar i samarbeid med fylkessekretærane i Hordaland og Sogn og Fjordane
- I samarbeid med dei andre tilsette, planlegge og gjennomføre valkamp
- Bistå med variert arbeid på fylkeskontora
- Vere nettredaktør for nettsider og sosiale medium samt pressekontakt for fylkestingsgruppa
Kvalifikasjonar:
- Høgare utdanning er ynskjeleg, men relevant erfaring for stillinga vil også bli vektlagt
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- God digital kompetanse
- Erfaring frå medie- og politisk/organisatorisk arbeid er ynskjeleg, men ingen føresetnad
Personlege eigenskapar:
- Deler Senterpartiet sine grunnverdiar og har eit sterkt samfunnsengasjement
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- God til å skape relasjonar
- Strukturert, målretta og sjølvstendig
Senterpartiet kan tilby:
- Tett samarbeid med engasjerte frivillige og tilsette
- Gruppelivsforsikring og pensjonsordning
- Løn etter avtale
- Reise og diett vert dekka etter staten sitt regulativ
Oppstart: Snarast
Arbeidsstad: Me har fylkeskontor på Sandane og i Bergen, samtidig tilbyr me fleksible løysingar med til dømes bruk av heimekontor og oppmodar personar med bustad kor som helst i Vestland fylke til å søkje.
Grunna ein del reiseverksemd må søkjaren ha førarkort klasse B og disponere eigen bil.
Stillinga vil innebere noko kvelds- og helgearbeid.
For nærare opplysningar om stillinga:
Fylkessekretær i Sogn og Fjordane (påtroppande), Torunn Flatjord: tf@sp.no / 416 26 602
Fylkessekretær i Hordaland, Sølvi Kobbeltvedt, sk@sp.no / 920 55 789
Søknadsfrist: måndag 24. oktober
CV og søknad sendast til stilling@sp.no