Meny
Bli medlem
Sist endret: 10.11.2023

Tid og stad

Årets Landsmøte vil vera på Quality Hotel River Station Drammen den 24. til 26. november 2023.

Møtet vil starta klokka 17:00, men innsjekk vil vera mellom 14:30 og 16:30.
Møtet vert avslutta med lunsj klokka 14:00 på sundagen.

Adressa til hotellet er Dr Hansteins gate 7, 3044 DRAMMEN. 

 

Transport til hotellet

Hotellet ligg rett ved togstasjonen i Drammen og det tek om lag to minutt å gå til hotellet frå stasjonen. Det er altso lett å koma seg til Landsmøtet via tog, både frå sør med Sørlandsbanen og aust frå Oslo. Vy og Flytoget har ogso gode reisemoglegheiter frå Gardermoen. 

Frå Oslo Lufthamn Gardermoen
Her vil ein tilråda å taka region- eller lokaltog frå spor 4 mot Drammen. Flytoget er ogso ein moglegheit, men merk at det er ein deil buss for tog til Drammen på avgangane til Flytoget i november.  

Frå Oslo Sentralbanestasjon
Her er det ogso i stor grad lokal- og regionstog, som er best. Ein tilrår at du brukar Vy-appen for å planleggja reisa.  

 

Allergiar og annan tilrettelegging

Allergiar og andre merknader om tilrettelegging skal alt ha vore meld inn via ditt fylkeslag til oss. Jamvel er det slik at noko fell i gløymeboki, viss du mistenkjer dette tak kontakt med delegasjonsleiaren din (fylkesleiar) for å høyra om det er meld inn. Viss det ikkje er det, bed ein deg om taka kontakt via e-post til tbu@sp.no. Då er det viktig å presisera kven du er og kva fylkeslag du høyrer til. 

 

Antrekk

Under møtehandsamingi vil det vera krav til normalt fint tøy. Dette kan til dømes vera myrk olabukse med skjorta/blusa. Det er ikkje ein fasit, men joggebuksa er ikkje formelt tøy!   Under festmiddagen på laurdagen er det vanleg med litt finare tøy, og mellom anna bunad er tradisjon for dei som har det. Annan finstas er sjølvsagt ogso lov. 

 

Sakspapir

Me oppmodar alle å taka med ein eigen PC eller nettbrett, som sikrar at ein har tilgang til sakspapiri under møtet. Du vil ogso trengja det for å kunna røysta elektronisk på sakene i møtet. Her kan du ogso bruka mobiltelefonen via appen til GoPlenum. For å unngå at ein legg for mykje press på nettverket til hotellet bed ein dykk alle om å lasta ned sakspapiri på førehand! Sakspapiri kan du finna her. Det vil ogso verta moglegheit til å la einingane under møtet, men det er ikkje kapasitet til at alle lar på same tid. Møt difor opp med oppladde einingar!  

 

Røysting

Under Landsmøtet vil ein i hovudsak røysta med å heva delegatskiltet du får utdeilt ved innsjekk. Jamvel vil det verta lagt opp til å bruka GoPlenum i saker som personval, vedtekter og i saker der ein ikkje får eit klårt fleirtal ved delegatskilt. Sidan GoPlenum er eit digitalt system er det viktig at du møter opp med eigen PC eller eiget nettbrett til dette, eller lastar ned GoPlenum-appen på mobilen din. For å sikra at møtet går so smurt som mogleg vil me ogso sterkt oppmoda deg til å logga inn i GoPlenum i god tid føre møtestart. Dette både for å sikra at du kjem deg inn på møtet, men det er ogso smart for å kunna gjera seg kjend med programmet. Du vil i laupet av veka føre Landsmøtet mottaka ein SMS med påloggingsinformasjon til GoPlenum. Skulle du ikkje ha fått SMS-en med påloggingsinformasjon innan måndag 20. november bed ein deg taka kontakt med heh@sp.no, seinast to dagar føre møtestart. Me vil ogso vera tilgjengelege for hjelp til pålogging i GoPlenum føre møtestart fredagen, men gjerne gjev beskjed i forkant. 

 

Sosiale medium

Gjennom heile Landsmøtet kan du nytta sosiale medium, som Facebook, Twitter og Instagram. Merk då gjerne både bilete og innlegg med emneknaggen 
#LMSUL23, og tagg då ogso gjerne @senterungdommen i desse.  

 

Bruk av bilete

Heile Landsmøtet vil verta direkteoverført via kanalane våre på Facebook, YouTube og nettsidene våre. Ein må difor vera klar yvi at ein hamnar på nettet ved å gå opp på talarstolen under møtet.  Me vil ogso taka ein god deil bilete av både salen, talarstolen med meir under møtet. Desse kan verta deilt via dei sosiale media våre. Ein skal jamvel sjølvsagt få reservera seg mot dette. Dette kan du gjera ved å melda til isb@sp.no. Hugs då å skriva kva det gjeld, namn og kva fylke du representerer. Hugs ogso på normal bileteskikk for dine eigne bilete og innlegg. Spør alltid føre du deiler bilete av andre!  

 

Etiske retningsliner

Alle som deltek på Landsmøtet til Senterungdomen pliktar, som ved alle andre arrangement i Senterungdomen å setja seg godt inn i dei etiske retningslinene våre. Dette er viktig for å sikra at alle som deltek får eit so godt møte som mogleg. Det er særleg viktig for delegasjonsleiarane å setja av god tid på delegasjonsmøtet til fylket dykkar for å gjennomgå retningslinene. Då sikrar ein at alle får ei god innføring. Dei etiske retningslinene til Senterungdomen er revidert i 2023, og samsvarer no med dei reviderte retningslinene i Senterpartiet frå 2022. Retningslinene finn du her. Inne på lenkja vil det ogso vera mogleg å lasta ned retningslinene i PDF.   Ynskjer du å varsla om noko, som du sjølv har opplevd, sett eller høyrt? Dette kan gjelda både saker som har skjedd føre, under eller etter Landsmøtet. Då skal du varsla direkte til generalsekretær via kontaktinformasjonen du finn under.  
Generalsekretær kan nåast på: e-post: heh@sp.no telefon: 412 63 925 

 

Spørsmål

Er det noko du lurer på som du ikkje fekk svar på i skrivet her? Då er det berre å taka kontakt med oss på kontoret!
Kontaktinformasjon til dei ulike og kva dei kan hjelpa deg med finn du under. Delegasjonsleiarane din (fylkesleiar) kan nok ogso svara på ein deil praktiske spørsmål knyta til både Landsmøtet og til førebuingane i fylket ditt (delegasjonsmøte, informasjon om reise osb.). Spør difor delegasjonsleiar føre du sender av garde eit spørsmål til oss, dei har ofte eit betre svar enn oss på kontoret.

Generalsekretær kan svara på: møtehandsaming, sakspapir, valkomiteen, varslingar Henrik Hageland (heh@sp.no eller via 412 63 925) 

Organisasjonssekretær kan svara på: alt knyta til hotellet, resolusjonskomiteen 
Tina-Evelyn Buvarp (tbu@sp.no)

Politisk rådgjevar kan svara på: mediekontakt, biletetaking, sosiale medier 
Idun Elvira Svartaas Borgen (isb@sp.no)  

Lagbyggjar kan svara på: hjelp til fylkes- og lokallag (med andre ord ein potet) Mailinn Stoveland (mst@sp.no)  

 

Elles ynskjer ein at alle får eit fantastisk møte. 
Me sest!