Ungdommar som er plassert på barnevernsinstitusjon er i ein krevjande livssituasjon og har ofte samansette utfordringar. Dei har eit stort behov for trygge rammer og treng kvalifiserte tilsette som kan gi dei den hjelpa dei treng. På bakgrunn av dette har fleire institusjonar utarbeida langturnuser/medlevarturnuser, som vil sei at dei fleste tilsette jobbar samanhengande 2-4 dagar på og så har ei veke fri. Dette har ført til at institusjonar lettare har klart å rekruttere kvalifiserte søkarar og ha ei turnusordning som opplevast som positivt for ungdomane og drifta generelt på fleire barnevernsinstitusjonar.
Effektane av dette har vore færre vaktskifte, færre deltidsstillingar og færre tilsette som ungdomane må forhalde seg til. Dette skapar ei auka tryggleik for mange ungdomar og at barnevernsinstitusjonane lettare opplevast som å vere ein heim. Vidare fører det til auka kontinuitet i arbeidet og eit større rom for å jobbe med målretta miljøterapi. Samstundes syt langturnus for at det er enklare å bevare sosialfaglege kompetansearbeidsplassar i distriktet ved at fleire godtek å pendle lengre.
Til trass for at fleire institusjonar, landsforeininga for barnevernsbarn og tilsette er nøgd med langturnus, har Bufetat fleire stader i landet vald å slutte med det. Bufetat avdeling Sør har gått så langt at dei har vald å avskaffe turnusen på alle sine institusjonar. Samstundes føler institusjonsleiarar, tillitsvalde og arbeidstakarar at dei har hatt lite eller inga makt i avgjerdene.
Som eit resultat av det kan ungdomar som treng personal med lengre samanhengande turnusar bli utelukkande plassert på dei private barnevernsinstitusjonane. Ved å syte for at dei same langturnusane i dei private som i dei statlege insitusjonane, kan det gjere dei private institusjonane meir attraktive og dermed heve komptasnen på dei. Då kan sårbare ungdomar verte møtte med den komptansen dei trnag for å få eit best mogkeg opphald. Samstundes styrkjer det arbedistakarane sine rettigheiter og vil bidra med å likestille konkurransen mellom dei private og dei statlege institusjonane.
Senterungdommen vil:
- Ha som mål å auke antal statlege barnevernsinstitusjoner som brukar langturnusar.
- Forandre medlevarforskrifta, slik at arbeidsgivar har plikt til å involvere fagforeiningar og arbeidstilsynet i etablering eller fjerning av langturnus/medleverturnus.
- Behalde og etablere langturnus i barnevernsinstitusjonar der det er fagleg forankra, og la institusjonane i større grad vere med på å påverke kva turnusordningar dei vil ha.
- Ha som hovudregel at dagens langturnusar i statlege institusjonar også skal gjelde dei private barnevernsinstitusjonar.
Vedtatt av Senterungdommens 72. landsmøte november 2021