Valresultatet 2021 er eit tydeleg signal om at landet vårt treng ein ny politisk kurs. Folk er lei av Høgre-regjeringa sin politikk for meir sentralisering og aukande forskjellar. Senterpartiet si oppslutning på13,5%, som gjev 28 stortingsmandat, er avgjerande viktig for åfåpåplass ei ny Senterparti/Ap-basert Regjering.
Senterungdomen forventar at Senterpartiet i regjering prioriterer å stoppe sentraliseringa og satse påheile landet. Etter åtte år med systematisk sentralisering av pengar, tenester og makt er det heilt avgjerande at eit sterkt Senterparti legg til rette for at folk kan bu og skape verdiar i heile landet. Desentraliserte utdanningstilbod og arbeidsplassar er viktig for åoppretthalde spreidd busetjing.
I tillegg forventar Senterungdomen at ei ny grønraud Regjering vil kutte utslepp og skape nye grøne arbeidsplassar som vi kan leve av i framtida. Verda står ovanfor ei klimakrise, og dersom vi skal bli eit nullutsleppssamfunn, så må industrien spele ei sentral rolle. Difor treng Noreg ein ny, grøn industriell storsatsing.
Dagens unge er vår viktigaste ressurs. Senterungdomen er uroa over fråfall og psykiske utfordringar blant elevar. Det psykiske helsetilbodet må styrkast. Vidaregåande må vere gratis for alle. Å sette inn tiltak for å hindre fråfall i utdanning og arbeidslivet vil spare samfunnet for kostandar. Viktigast av alt, vil det spare samfunnet og enkeltmenneske for store tap.
Senterungdomen forventar at Senterpartiet i regjeringsforhandlingane prioriterer:
- Opprethalde ein struktur innafor høgere utdanning der ein både satsar på større og mindre studiestadar. Nedlegging av eksisterande studiestadar ved offentlege utdanningsinstitusjonar skal berre gjennomførast politisk, og ikkje gjennom styrevedtak
- Legge til rette for at alle som jobbar i statlege arbeidsplassar der ein ikkje har direkte kontakt med folk skal kunne jobbe der dei vil etter avtale med arbeidsgjevar. Når det vert etablert nye statlege arbeidsplassar skal desse som hovudregel leggast rundt om i landet.
- Etablere eit grønt investeringsselskap med minimum 10 milliardar kroner i kapital for utvikling av og strategiske investeringar i norske bedrifter som baserer seg pågrønt karbon
- At alle distriktspsykologiske-senter skal tilby "time pådagen-garanti" for ungdom
- Eit utstyrs- og bortebuarstipendet som samsvarar med reelle kostnadar for elevar påulike linjer, slik at vidaregåande utdanning er gratis for alle
Vedtatt av sentralstyret oktober 2021.