For å møte dei behova til framtidas arbeidsliv, må vi ha eit utdanningssystem med høg kvalitet som er til stades i heile landet. Det er avgjerande for at kvalifisert arbeidskraft skal være tilgjengeleg for norske bedrifter, og at alle fylker og kommunar kan levere eit godt tenestetilbod til sine innbyggjarar. Samstundes må utdanningsstrukturen må legge til rette for at fagmiljøa på norske forskings- og utdanningsinstitusjonar kan drive forsking og undervisning av høg kvalitet.
Ein trygg og stabil kvardag er ein føresetnad for god læring. Alle studentar skal derfor ha rett til økonomisk stabilitet, ein sikker bustadsituasjon og gode helse- og tenestetilbod. Mange stundetar er i dag avhengige av å ha deltids- og sommarjobbar for å få endane til å møtast.
Sjølv om det er positivt å få med seg arbeidserfaring også igjennom studietida, bør det ikkje være ein føresetnad at ein har moglegheit til jobbe ved sia av studiane for å ha råd til å vere student. Ikkje alle har kapasitet til å jobbe i tillegg til å vere 100% student. Utdanning skal vere tilgjengeleg for alle, og det er den ikkje så lenge studiestøtta er for log til å sikre økonomisk stabilitet for norske studentar.
Mangel på studentbustadar og høge leigeprisar er ein av dei største årsakene til at mange studentar har dårleg rå. I dag er det eit utbreidd problem studentsamskipnadane ikkje får bygd dei studentbustadane som dei får støtte til å bygge, mellom anna fordi dei ikkje har tilgang på tomter. Ein må derfor følgje opp støtta til studentbustadar med andre verkemiddel enn berre pengestøtte, for eksempel ved å gjere studentbustadar til eige arealformål i plan- og bygningslova. Samstundes er behovet for renoveringa av eldre studentbustadar stort.
For mange studentar er studentfrivilligheita ein viktig inngang til sosiale fellesskap og gode erfaringa utanom forelesingssalane. Saman med velferdstilbodet frå samskipnadane bidreg idrettslag, foreiningar og andre organisasjonar til å skape møteplassar kor ein blir kjent på tvers av studieretningar. Desse møteplassane er viktige preventive tiltak for den psykiske helsa til studentane.
Senterungdommen vil:
- Oppretthalde eit godt utdanningstilbod i heile landet, med høg kvalitet på både forsking og utdanning
- Auke studiestøtta til 1,5G (grunnbeløpet i folketrygda), samt 12-månaders studiestøtte
- Bygge 3000 nye studentbustader, samt gje pengar til rehabilitering av eksisterande bygg
- Det er et overordnet må for bygging av studentboliger at leie prisen skal være lavest mulig, selv om det betyr lavere standard.
- Sikre eit godt helsetilbod for psykisk og fysisk helse for alle stundetar
- Sørge for at høgare utdanningsinstitusjonar legg godt tiltrette for studentforeiningar
- Gjere det billegare og lettare å kome seg rundt omkring med kollektivtransport eller andre delingstenester
- Sikra studentsamskipnadene gode rammevilkår, samt syta for god studentmedverknad i samskipnadene
Vedtatt av sentralstyret juni 2022