Meny
Bli medlem
Resolusjoner

Ja til eit organisert arbeidsliv, ogso i luftfarten!

11.01.2021

Samstundes er selskapet kjend for å presse arbeidstakarar til å ikkje organisere seg og å utnytte pilotar. Wizz Air-leiar Josef Varadi uttalde sjølv i ein presentasjon av innanriksrutene sine i Noreg at Wizz Air er "eit flyselskap utan fagforeiningar".

I Noreg står moglegheita for å organisere seg sterkt. Dette har bidrege til at vihar eit trygt og føreseieleg arbeidsliv, og eit land med små skilnadar. Det å nekte arbeidstakarar å organisere seg er et brot på grunnlova vår og menneskerettigheitene jf. §23-4 i menneskerettsfråsegna: "Ein kvar har rett til å danne og gå inn i fagforeiningar for å verne om sine interesser.»

I lys av Wizz Air sitt inntog på den norske marknaden og koronakrisa slit norske flyselskap som SAS og Norwegian med å overleve og oppretthalde gode flytilbod over heile landet. Senterungdomen meiner at useriøse utanlandske flyselskap ikkje kan utnytte koronasituasjonen til å ta seg inn på innanriksmarknaden i Noreg. Dette vil på sikt svekkje tilliten til norsk arbeidslivog rutetilboda i distrikta.

Senterungdommen meiner at:

  • Vi som organisasjon boikottar Wizz Air so lengje dei ikkje oppfordrar til eit organisert arbeidsliv.
  • Alle flyselskap som opererer med innanriksruter i Norge ikkje skal rå i frå eller nekte arbeidstakarar å organisere seg.
  • Oljefondet skal selje seg ut av Wizz Air.
  • Noreg skal forby "pay-to-fly"-ordninga, der pilotane ikkje får betalt medan utdanninga går føre seg i lufta.
  • Flyselskapa sin driftslisens skal knytast opp mot arbeidsrettslege forhold
  • Noreg skal vere ein pådrivar for internasjonale bestemmingar rundtarbeidsrettslege forhold i luftfarten.
  • Flyselskaper på norske innenriksruter skal basere seg på egne ansatte, ikke selvstendig næringsdrivende.

Vedtatt av Landsstyret januar 2021.