Meny
Bli medlem
Resolusjoner

Kortbanenettet må utviklast, ikkje avviklast!

15.09.2020

Etableringa av det norske kortbanenettverket tok til på slutten av 1960-talet, og var eit grep for å bygge landet saman. Kortbaneflyplassar er regionale flyplassar med kort rullebane som er berekna for mindre flytypar, og i dag fins det 25 kortbaneflyplassar i Noreg. Bakgrunnen for forslaget om å redusere dette talet, verkar for å vere reint økonomiske. Det er mykje som ikkje nødvendigvis er lønnsamt frå eit reint økonomisk perspektiv, men likevel har ein openbar samfunnsverdi. 

Viktigheita av god kommunikasjon er like viktig i 2020 som det var i 1960. Mange stadar er privatpersonar, næringsliv og lokalsamfunn heilt avhengig av det kollektivtilbodet som kortbanenettet utgjer i distrikts-Norge. Å byrje ei avvikling av dette tilbodet, samstundes som vi ser ei utviklinga mot å få elektrifisert luftfarten, er ein dårleg idé.

Senterungdomen sin visjon er ikkje å få eit redusert kortbanenett, men eit elektrifisert kortbanenett. Vi har eit samfunnsansvar for å stadig heve krav til utsleppsreduksjon i alle delar av samfunnet vårt. Dette vil vere ei investering i framtida. Vi vil ta vare på dagens tilbod, men samstundes ta grep for å få ned utslepp.

Senterungdomen vil:

  • Oppretthalde dagens kortbanenett
  • At det utarbeidast ein plan for forsyning av elektrisitet og hydrogen på kortbanenettet i Norge.
  • Innføre fritak fra flyseteavgift for null- og lavutslippsfly frem til 2040
  • Fortsette å subsidiere flyruter med mål om et godt tilbud i hele landet.
  • Sette som mål at alle flyvninger på kortbanenettet skal være basert på null- og lavutslippsteknologi innen 2035, og alle sivile innenriksflyvninger innen 2040
  • Redusere merverdiavgift på billetter for null- og  lavutslippsfly frem til 2040


Vedtatt av Senterungdommens Sentralstyre september 2020