For norsk industri og verdiskaping har tilgangen på fornybar, og rimeleg kraft vore eit avgjerande konkurransefortrinn, særleg for kraftkrevjande industri. Dette konkurransefortrinnet har i ei årrekkje sørgja for verdiskaping, arbeidsplassar og økonomisk aktivitet i heile Noreg. Dersom vi mister vårt fortrinn er dette verdiar som kan gå tapt.
Senterungdomen vil arbeide for at vi held på eigarskapet til norsk kraftproduksjon slik at vi kan ta tilbake konkurransefortrinnet for norsk næringsliv og halde straumprisane nede for befolkninga. Vi vil og arbeide for at vi unngår ei vidare integrering i Europa sin felles energimarknad fordi vi må behalde meir av krafta sjølv.
Senterungdomen vil:
-
Seie nei til fornying av dei to kablane til Danmark, Skagerak 1 og 2, når dei går ut i 2026
-
Halde Noreg utanfor EU sin fjerde energimarknadspakke
-
Det skal ikkje byggjast nye utanlandskablar, og dei me har skal fasast ut når avtaleperiodane er utgåtte.