I dag er motorferdsel i utmark strengt regulert av myndigheitene. Klima- og miljødepartementet har lagt ut ein NOU frå motorferdselutvalet på høyring. Dette skal på sikt legge grunnlaget for ei ny motorferdsellov.
Det er fleire ting som er negativt i NOU-en, blant anna er det foreslått å endre formålsparagrafen frå «å fremme trivsel» til «å ta hensyn til friluftsliv og samisk kulturutøvelse». Dette samans med ei innskrenking av kommunane si dispansasjonsmoglegheit for køyring til eiga hytte med snøscooter er med å fråtek kommunane sitt sjølvstyre.
I NOU-en ligg det til grunn at beltebilar ikkje lenger skal vere tillat i fjellheimen. Argumentet er at ein ikkje skal gje særrettigheitar til enkelte aktørar til å drive verksemd i nasjonalparkar. I område som Jotunheimen og Rondane har beltebilar vore nytta som persontransport i over hundre år – noko som er avgjerande for reiselivet i områda. Det er og med på å redusere enkeltturane med scooter og helikopter i områda vinterstid. Bruk av beltebilar er kulturarv og trygg transport i fjellet.
Gjennom arbeidet med ny motorferdsellov må lokalsamfunna høyrast, og grunneigarane sine rettar skal vege tyngst.
Senterungdomen meiner:
-
Det skal vere rom for lokale tilpassingar i eit nasjonalt regelverk
-
Lokalsamfunna bør kunne regulere motorferdsel i utmark sjølv
-
Der det i dag går beltebilar i fjellheimen skal det framleis vere tillatt
-
At kommunar og idrettslag skal kunna køyre opp skiløypar og at dette ikkje må vedtakast i arealplan.
Vedtatt av sentralstyret september 2024