Meny
Bli medlem
Resolusjoner

Russetid, ikkje ruse-tid

26.02.2025

 

To av dei største utfordringane med russetida i dag er narkotikabruk og kommersialisering. I fleire miljø går russetida hand i hand med bruk av narkotika. Senterungdommen seier eit tydeleg nei til narkotika og meiner at det må satsast meir på førebygging for å hindre at ungdom nyttar rusmidlar under feiringa.

Kommersialiseringa av russetida har òg skapt store utfordringar. Fleire selskap utnyttar russ og tek store summar for tenester utan å levere det dei lovar. Det har kome fram fleire skrekkeksempel der russegrupper har vorte svindla for hundretusenvis av kroner. Senterungdommen meiner at desse selskapa må regulerast strengare for å sikre rettferdige vilkår for russen.

Regjeringa har foreslått å forby sidestilte russebussar med umiddelbar verknad. Dette vil ramme mange russ hardt, særleg dei som allereie har signert leigekontraktar. Mange opplever at forbodet kjem brått og utan god dialog med dei det gjeld.

Senterungdommen ønskjer ei russetid som tek vare på tradisjonane, men som samtidig blir meir inkluderande, ansvarleg og trygg for alle deltakarar. Russetida skal vere ein feiring av skulegangen og eit uttrykk for samhald, ikkje berre prega av overdreven festing og økonomisk press.

Senterungdommen meiner at:

  • Russetida skal vere ei russetid, ikkje ei ruse-tid.
  • Dei kommersielle russe-selskapa må regulerast strengare.
  • Sidestilte russebussar bør ha ei maksfart på 50 km/t, på line med traktorar, og kan fasast ut over tid.
  • Russetida bør flyttast til etter eksamen
  • Fylka bør finansiere møteplassar for russen for å hindre utanforskap.