Meny
Bli medlem
Resolusjoner

Time på dagen-garanti for psykiske plagar

23.11.2021

Psykiske plagar har etablert seg som ei av dei største helseutfordringane i Noreg. Dei siste åra har stadig fleire barn og unge hatt behov for psykisk helsehjelp. Pågangen er vorte langt større enn kapasiteten. Resultatet vert at stadig fleire vert ståande stadig lenger på venteliste. Det må Regjeringa gjere noko med. Hurdalsplattforma er eit godt utgangspunkt.

Senterungdomen gler seg over viktige gjennomslag i plattforma, som seier at “psykisk helse er like viktig som fysisk helse”. Plattforma inneheld fleire gode punkt for å sikre auka kapasitet og betre tenester nær folk i heile landet. Regjeringa sin plan er offensiv, men Senterungdomen er uroa for at tiltaka vil ta lang tid å gjennomføre.

Alle som står på venteliste, har venta lenge nok. Regjeringa må levere konkret tiltak som kan settast i verk raskt.

Eit konkret tiltak for å redusere ventetida for dei mest kritiske pasientane og sikre eit lågterskel tilbod i heile landet, vil vere at alle BUP og DPS set av ein time kvar dag som er reservert til akutte psykisk sjuke. Fastlegar og helsesjukepleiarar skal kunne booke timen på under eitt døgns varsel, på vegne av ungdom under 25 år som tek kontakt med akutte psykiske utfordringar.

Senterungdomen vil:

  • At alle BUP og DPS skal ha sett av ein time kvar dag som kan bookast på under eitt døgns varsel av fastlegar/helsesjukepleiarar, for ungdom under 25 år som kontaktar dei med akutte psykiske utfordringar.

Vedtatt av Senterungdommens 72. landsmøte november 2021