For mange unge er det i dag alt for krevjande å starta opp innanfor primærnæringane. Dette ynskjer Senterungdommen å endra. Utdanningstilbodet må styrkast. Arbeidsvilkåra innanfor jordbruk, skogbruk og fiskeri må spegla den viktige samfunnsrolla desse næringane har, både i eit beredskapsperspektiv og eit klima- og miljøperspektiv.
Unge vil vera motoren i det grøne skiftet. Det trengs nye krefter som kan drive og utvikle norsk næringsliv vidare. Dersom vi skal lukkast med det grøne skiftet, må vi prioritere nye og bærekraftige arbeidsplassar. Noreg treng ei storstilt satsing på rekruttering til skogbruk, jordbruk, fiskeri og havbruk.
Senterungdommen ynskjer:
- Styrke samlingsbasert studietilbod, slik at unge kan utdanne seg ved sida av arbeid
- Utstyrstipend frå lånekassen skal sikre reelle kostnadar på yrkesfagleg utdanning
- Styrke velferdsordningane til sjølvstendig næringsdrivande, med vekt på ferie, fritid, sjukdom og kvinner i barsel
- Redvidere dagens mjølkekvoteordning. Staten skal kunne tildele oppstartskvoter for geit-/kumjølk til ungdom som starter opp med produksjon på gard utan kvote.
- Utarbeida ein modell for kompetansekrav for å få konsesjon i jordbruket. Slik sikrar ein grunnleggande kompetanse innan drift og produksjon.
- Sikre at Innovasjon Noreg har tilstrekkelig med midlar til unge bønder som overtek gardsbruk, for å redusere risiko og gjere det mogleg å investere i drifta.
- Redusere snittalderen i jordbruket slik at unge slepp til tidlegare, dette oppnås blant anna med gunstigare tidlegpensjonsordningar
- Sørge for at open gruppe har nok kvantum fisk til at unge kan livnære seg på den for å bygge opp kapital til å kjøpe eigen kvote
- Innføre fleire rekrutteringskvoter innanfor fiske, kriteria for å få desse må rettast mot unge som er nye på marknaden
- Legge til rette for aukt bearbeiding av marine produkt i Norge, mest mogleg lokalt
- Styrke moglegheiten for arbeidserfaring, utplassering og lærlingplassar i samarbeid med skogbruksnæringa
- Satse på undervisningsopplegg om skog, tre og klima i skulen.
- Innføra forkjøpsordning på landbrukseigendom for kjøparar under 35 år. Staten skal dekke mellomlegget i åsetetakst og marknadspris i tilfeller der odelsretten fråvik i tråd med odelslova § 20 b).
Vedtatt av Senterungdommens landsstyre april 2021.