Meny
Bli medlem
Resolusjoner

Merk maten vår betre! 

23.04.2024

I Noreg har vi ei sjølvforsyning på mellom 30 og 40%, dersom ein ekskluderer norske dyr som i hovudsak får importert fôr. Vi bur altså i det landet som har den lågaste sjølvforsyninga i den vestlege verda. I tillegg til ein storstilt satsing på norsk jordbruk og matproduksjon, meiner Senterungdomen at det må innførast tydlegare krav til merking av maten, både i butikk og på serveringsstader.  

I dag opplevast det som tilfeldig kva og korleis matvarer er merka. Det er nemleg ingenting som regulerer korleis merking av opprinningsland skal sjå ut. På verdsbasis står matproduksjonen for omlag ein tredjedel av dei globale klimagassutsleppa, og 9,5% av Norges utslepp i 2022. Det tyder at framtidas matproduksjon må vere berekraftig og så lokal som mogleg. Å frakte mat jorda rundt med fly, skip og lastebilar fører til enorme klimagassutslepp. Importerte matvarer må merkast tydelegare, slik at forbrukarane enkelt kan velje produkt som er klima- og miljøvennlege, berekraftige og fremjer god dyrevelferd. Difor ynskjer Senterungdommen også å innføre merking av kjøt, som seier noko om kor lenge dyra har fått gått fritt på beite. 

Aukande antibiotikaresistens er ei av vår tid sine største utfordringar mot folkehelsa. Antibiotikabruk i matproduksjonen har ei klar og direkte påverknad på forbrukarane si helse. På verdsbasis er antibiotikaresistens eit aukande problem, og er i dag fleire menneske som døyr av antibiotikaresistens enn av både malaria og HIV. Samstundes er det i ei rekkje land lov til å bruke antibiotika førebyggande i fôret til dyra. Dette bør også kome fram av merkinga. 

Løysingar:  

  • Innføre krav om tydeleg merking av opprinningsland, både i butikk og ved serveringsstader. Opprinning kome klart fram på framsida av produktet eller i menyen.  

  • Importerte produkt skal vere merka med “IMPORTERT”, og denne merkinga skal utgjere minst 2*4 centimeter eller 1/6 av embalasjen. 

  • Det skal innførast matmerking av alle typer varer der det blir indikert kor mange beiteveker dyra i gjennomsnitt går ute. . 

  • Kornprodukt som er merka med Nyt Norge bør ha krav om 100% norsk korn. 

  • Det skal ikkje vere lov å merke importert mat med norske flagg. 

  • Kjøt som kjem frå eit land der det er lov å nytte antibiotika i fôret, skal vere merka med at det kan ha vore bruka antibiotika i fôret. 

  • Det skal kome fram i merkinga av fisk om den er fanga i saltvatn, ferskvatn eller er oppdretta. 

  • Ferskt kjøt frå svin, sau, geit eller fjørfe skal på lik linje med storfe alltid vere med merka med opprinning, også i ferskvaredisk. 

 

Vedtatt av sentralstyret i februar 2024