Kvart år mottek Senterungdomen ein gjeven sum frå LNU, som er øremerkt til aktivitet i lokallagi våre. Hovudmålet er å gjeva stønad til aktivitet blant unge rundt om i landet, og midla kan brukast på ulike aktivitet i regi av lokallagi. Ein viktig deil av fokuset er at ein skal engasjera ny ungdom til å deltaka på aktivitetar og difor er det viktig at arrangementet er opent for den som måtte ynskja å koma.
Når det kjem til kva ein kan søkja middel det er det so og seia berre fantasien so sett grenser, har ein ein god plan for aktivitet er det berre å smella inn ein søknad til oss! Søknaden vil sjølvsagt verta handsama i trå med LNUs retningsliner for Frifond, saman med Senterungdomens interne retningsliner. Dette gjev nokre avgrensingar i kva ein kan bruka middel på som: alkohol, bruk utanføre Noreg osb.
All informasjon om korleis ein søkjer, når fristen for å søkja er og anna finn du på nettsidene våre: Frifond - Senterungdommen.
Og skulle det vera nokre spørsmål er det berre å retta desse til generalsekretær, Henrik Hageland på heh@sp.no.