Viktig! Under finn du fyrst generell informasjon om frifond organisasjon i Senterungdomen. Deretter vil du finna viktige dokument til søknad og rapportering, for so finna kontaktinformasjon til dei som kan svara deg på spørsmål. Les difor alt godt!
Generelt om søknad
So kjekt at du vil søkja om frifond til ditt lokallag! Her vil du finna ein stutt gaid til korleis du skal gå fram med både søknad og rapporteringa.
1. Sjekkliste for lokallaget
Oppfyller lokallaget alle dei formelle krava til å mottaka frifondsmiddel? Her er det viktig at du som kontaktperson for lokallaget les gjennom retningslinene våre slik at alt det formelle er på plass. Mellom anna må laget ha fleire enn fem medlemar under 26 år, eigen organisasjonskonto for mottak av midla (frå og med 1. august 2024) osb.
2. Kva aktivitet kan du søkja om støtte til?
Det er ganske fritt kva du kan søkja støtte til, og her er det viktig å tenkja på at ein skal bruka frifondsmidla til å styrkja den lokale aktiviteten i lokallaget. Medlemskveld med pizza er til dømes ein super aktivitet, bowling eller liknande. Her set for det meste berre fantasien grenser!
I tillegg til retningslinene våre, som mellom anna seier at ein ikkje kan bruka det til å løna tilsette, på alkohol og andre stoffer osb. Detaljert informasjon om kva ein ikkje kan bruka dei på finn du i punkt 2 i retningslinene våre.
3. Søkja om middel
Når du har funne aktiviteten du vil søkja om og har alt det formelle på plass, kva gjer du då? Jo då finn du fram søknadsskjemaet (se nedst på sida her), og fyller ut dette. Det er viktig at du legg ved all informasjon som skjemaet spør om, viss ikkje får du det i retur. Eit punkt mange ofte gløymer er å signera. Dette må du gjera, anten det er digitalt eller via printing og skanning. Å endra fonten i Word er ikkje godkjend signatur!
Svar på søknaden får du i starten av månaden etter at du har send han inn. Sender du han inn i april, får du svar i starten av mai.
4. Gjennomført arrangement - rapportera
Rapporteringa skal skje seinast to veker etter at arrangementet er halde. Viss rapporteringa kjem etter dette, kan du få krav om attendebetaling av heile beløpet viss du ikkje har avtala anna med saksbehandlar.
Finn fram rapporteringsskjemaet og fyll inn alle punkt. Ofte her gløymer folk å signera dokumentet, eller dei gløymer å senda inn ein eller fleire av bilaga (kvitteringane), som stadfestar kva midla er brukt til. Gløymer du ein eller fleire av desse punkta får du det tilsend i retur og må gjera det på nytt. So det kan vera lurt å dobbeltsjekka om du har fått med deg alt føre du sender det inn!
Dykk kan sende inn rapport sjølv om dykk ikkje har fått attandemenlding om godkjent rapport. Hvis dykk ventar på svar om godkjent søknad, og avheld arrangementet i mellomtida, må vi ha tilsendt rapport før vi kan behandla søknaden vidare. Eit eksempel kan vere at dykk sender inn ein søknad 5.mai og skal avholde arrangementet 7.mai. Då er sannsynlegheita stor før at dykk må sende inn rapport før vi kan behandla søknaden.
5. Svar på søknad
Etter at du har send inn rapporten vil du etter ei stund få svar frå oss. Her kan det vera fleire utfall:
- Du får rapporten godkjend - du får ei stadfesting på at rapporten er godkjend. Har du restmiddel får du krav om attendebetaling.
- Du får rapporten avvist - det skuldast som oftast at du har gløymd noko og får mogelgheita til å levera på nytt.
6. I etterkant
Det er viktig at de som lokallag tek vare på alle dokumentasjon de har kring frifond. Me sentralt lagrar sjølvsagt ogso dette, men det er lurt for intern kontroll å lagra dette.
I kva filformat skal eg levera i?
Du kan velja mellom å levera som .docx eller .pdf. Det aller beste er om du kan levera i .pdf.
Søknadsskjema
Søknadsskjema (Word) Eksempel på søknadsskjema
Rapporteringsskjema
Eksempel på rapporteringsskjema